Med ny traktor og flishoggar skal vegkantane i Sunnfjord ryddast i ekspressfart.

Torsdag 20.september var det offisiell overrekking av ny traktor Til Gravdal Skog og Hageservice i Førde. Traktoren er kjøpt inn for å køyre ein split ny greinknusar som kan rydde vegkantane meir effektivt enn nokon gong. Stokkar på 70 cm i diameter blir mata inn i maskinseriet med kran og alt blir til flis. Selskapet som har rydda blant anna strekninga Vadheim-Høyanger ser fram til at jobben no kan gjerast super-raskt.

«Håpar Vegvesenet vil legge ut flire strekningar til rydding for no er vi virkelig klar,» seier Jan-Tore Gravdal, eigar i selskapet.

I dag vart det fullt hus på lunch-rommet då Maskinsenteret sin avdeling i Førde overrakte den nye Valtra-traktoren til Gravdal. Med sine 410 hk vil denne ruve godt i landskapet og rundt om i Førde. «Flishoggaren krev ein traktor på minst 350 hk så då var det berre å slå til», seier ein smilande Gravdal.