Me er blitt sertifisert Miljøfyrtårn!

 

Det betyr at me allereie møter strenge miljøkrav, og har forplikta oss til å satse endå grønare framover.

Ordførar Stig Ove Ølmheim overrakk det synlege Miljøfyrtårn-beviset til dagleg leiar Audun Moen 8. januar 2024.

 

Måndag 8. januar fekk me besøk av ordføraren og ein kommunikasjonsrådgivar frå Sogndal kommune. Dei var på plass for å overrekke det endelege beviset på alt arbeidet me har lagt ned den siste tida.

Me er stolte av å kunne sei at Maskinsenteret Vestland no er sertifisert Miljøfyrtårn.

Moen forsikrar at plaketten han fekk overlevert frå ordføraren, ikkje skal bli ei sovepute.

- Me er i ein læreprosess. Me føler oss ikkje utlærde, men me vil vera med på utviklinga på dette feltet. Det er viktig for oss å ha ting på stell, og til dømes i anbodsprosessar kan det vera krav om slik sertifisering.

Grunngjevinga frå sertifisøren for miljøfyrtårnstatusen:

«Maskinsenteret Vestland AS har brukt god tid på gjennomføring av dokumentert og strukturert arbeid innan klima, indre og ytre miljø og arbeidsmiljø fram mot målet sertifisering Miljøfyrtårn. Godt samarbeid mellom leiing, styre og tilsette for å nå felles mål. God og konkret dokumentasjon som er tilpassa bedrifta.»

Takk til flotte tilsette som har vore med på arbeidet! Spesielt takk til Helge og Oddvin som har gjort ein strålande jobb.

Heile saka kan du lese hjå Sogndal kommune her.

 

Overrekkinga måtte sjølvsagt feirast med litt kake! Foto: Skjermdump frå Facebook-sida til Maskinsenteret Vestland.

 
Gasta Design