Om Maskinsenteret

 
 

Maskinsenteret Vestland AS er eit landbruksmaskinfirma med avdelingar på Kaupanger (Sogndal kommune) og Førde (Sunnfjord kommune). Vi leverer og yter service på traktorar og landbruksutstyr til heile fylket.

 

Maskinsenteret Vestland as har over 40 års erfaring i sal og service av landbruksmaskiner. Selskapet vart starta av Olav Selseng og Svein Jarle Selseng, som begge var og er aktive gardbrukarar i Sogndalsdalen, og kjende behova til kundane. I dag er vi blitt 18 tilsette fordelt på avdelingar i Sogndal og Førde, og fleire av dei tilsette er eigarar i selskapet.

Vi er forhandlar for Valtra traktorar. Andre viktige produkt vi fører er Pöttinger, Kuhn, Globus, Gigant, Holms, Hakki Pilke. Vi har også importørstatus på gjødselspreiarar frå sveitsiske Gafner.
Vi har sterkt fokus på service, og har ein moderne verkstad på Kaupanger.