Åpenhetsloven

Åpenhetsloven skal fremme verksemder sin respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikre tilgang på informasjon. Me i Maskinsenteret Vestland er opptekne av problemstillinga, og gjennomfører kontinuerlig tiltak for å tilfredsstille krava i loven.

Utgreiing for Maskinsenteret Vestland (Åpenhetsloven §5)

Maskinsenteret Vestland AS har ansvar og plikt til å fremja menneskerettar og gode arbeidsforhold på arbeidsplassen. Samtidig er Maskinsenteret ein del av ein internasjonal varestraum og ser si rolle i dette kretsløpet. Maskinsenteret er detaljist og forheld seg i det alt vesentlege til store importørar. Desse importerer varene som Maskinsenteret distribuerer i eige distrikt.

På bakgrunn av §5 i åpenhetsloven skal Maskinsenteret offentleggjere ei utgreiing. Denne utgreiinga skal ta for seg våre vurderingar av aktsemd i verksemda vår. Der skal både lokale og globale forhold takast med.

Last ned utgreiing (PDF)

Importørar

Eik Maskin er vår importør av Valtra traktor. Sjå deira utgreiing her.

AT Import er vår importør av Kuhn og Pøttinger. Sjå deira utgreiing her.

Personvernerklæring

Se personvernerklæring for korleis vi behandlar personlege data.

Meir om Åpenhetsloven

Heile loven, “Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold”, finn du på Lovdata.