Plog Vari-Master Kuhn

Plog Vari-Master Kuhn

Den allsidige


Med eit breitt utval av tal skjer og forskjellig skumutstyr, er KUHN Vari-Master semi-monterte plogar eigna for mellomstore traktorar og varierte arbeidsforhold. Desse plogane er tilgjengelege med hydraulisk justerbar pløyebredde – Vari-Master som kan justerast frå førerhuset.

Den allsidige

For pløying i kupert terreng, har den semi-monterte vognplogen Vari-Master eksepsjonell god konturfølging grunna den ledda konstruksjonen. Ein semimontert plog går lettare og smidigere enn ein trepunktsmontert – og ikkje minst: Han krev ikkje stor løftekraft.

Hydraulisk sekvensering

Den same spaken styrar både løfting og vending av plogen i ein kombinert automatisk sekvensert operasjon: Dette forenklar snuing på vendeteigen og sparer føraren for ein meir kompleks operasjon.

Stor hydraulisk sideforskyvning

Store justeringar kan gjerast i plogforskyvningen (vinkelen i forhold til traktoren) frå førerhuset ved å aktivera ein av dei hydrauliske ventilane. Dette gir enkel tilpasning til alle moglege sporvidder.

Ramme-pendling

Ramme-pendling gjer at plogen kan følgja bølgande terreng for ein konstant pløyedybde langs lengda på heile plogen. Når dei fremre plogkroppane blir løfta opp, held dei bakare arbeidsdjupna til full løft. Dette gir ei rett avslutning mot vendeteigen.

Tohjuls undervogn

Tohjulsunderstellet gir betydeleg reduksjon i belastninga på trekktengene til traktoren under vendinga.



 
 
 
plogGasta Design